Namnedag

Personvern

Du kan lese heile sida utan å logge inn. Loggar du inn, er det for å stemme og foreslå datoar, og då lagrar vi det som trengst for å få det til.

Kva vi lagrar

OpplysningKviforOffentleg
E-postadresseInnloggingNei
Brukarnamn, om du set eittVise kven som har stemtJa
Namnet du vel som ditt eigeVise din namnedag på forsidaJa
Stemmene dine, med tidspunktRekne ut den uoffisielle listaJa
Datoane du har føreslåttVise kven som føreslo kvaJa
HonnørpoengTeljar, utan funksjon ennoJa

Vi hentar ikkje inn noko anna. Ingen alder, ingen adresse, ingen kjøpshistorikk.

Kva andre kan sjå

Stemmene, forslaga og brukarnamnet ditt er opne. Kven som helst kan lese kva du har stemt på og når. Det er eit medvite val: den uoffisielle lista er ei open avstemming, og då skal det vere mogleg å sjå kva som ligg bak tala.

E-postadressa di er ikkje synleg for andre. Ho ligg i innloggingssystemet, som ikkje er tilgjengeleg gjennom det opne grensesnittet.

Kontoen din har ein tilfeldig id som følgjer med dei offentlege opplysningane. Han seier ingenting om kven du er, men han er den same over tid, så stemmene dine kan sjåast i samanheng og koplast til brukarnamnet dersom du har sett eitt. Vel difor eit brukarnamn du er komfortabel med å bli kjend igjen på, eller la det stå tomt.

Kven som behandlar data for oss

  • Supabase lagrar databasen og handterer innlogging. Data ligg i EU.
  • Vercel køyrer nettstaden, lagrar tekniske loggar og tel sidevisningar. Loggane inneheld kva side som blei henta og kva konto-id som var innlogga, aldri e-postadressa.
  • Resend sender innloggingslenkene, og ser e-postadressa di.
  • Google er involvert berre dersom du vel å logge inn med Google-kontoen din.
  • GitHub lagrar den nattlege tryggingskopien av databasen, som inkluderer e-postadressa di.

Informasjonskapslar

Vi bruker berre dei som trengst for å halde deg innlogga. Dei blir sette når du loggar inn, og blir borte når du loggar ut. Ein innloggingssesjon varer éin time og blir fornya så lenge du er aktiv.

Ingen informasjonskapslar for analyse, statistikk eller annonsar.

Besøksstatistikk

Vi tel sidevisningar, så vi veit kva sider folk faktisk finn. Det skjer utan informasjonskapslar: i staden blir kvar førespurnad gjort om til ein kode som ikkje kan sporast tilbake til deg, og som blir sletta etter eit døgn.

Det som blir lagra er kva side du opna, kva lenke du kom frå, kva land og by du er i, og kva nettlesar og eining du brukte. Ikkje kva du søkte etter, ikkje kva du stemte på, og ingenting som er kopla til kontoen din.

Det er Vercel som gjer dette, same tenesta som køyrer nettstaden. Statistikken blir ikkje delt vidare, og blir ikkje brukt til annonsar.

Slette kontoen

Send ein e-post til adrian@borgund.dev frå adressa du er registrert med, så slettar vi kontoen. Du kan be om innsyn i det vi har lagra på same måte.

Når kontoen blir sletta, forsvinn stemmene dine med han. Datoane du har føreslått blir ståande, men utan kopling til deg. Det er fordi andre kan ha stemt på dei, og eit forslag som forsvinn ville teke stemmene deira med seg.

Forsvinn stemmene dine, går stemmetala ned på dei namna du har stemt på. Det kan endre kva dato eit namn står på i den uoffisielle lista.

Vi tek ein tryggingskopi av databasen kvar natt, og kopiane blir sletta etter 30 dagar. Ein konto som er sletta, ligg difor i ein kopi i inntil 30 dagar til. Kopiane blir berre brukte dersom databasen går tapt.

Kor lenge vi lagrar

Så lenge du har ein konto. Ber du om sletting, blir det gjort med det same. Vi slettar ikkje kontoar automatisk etter ei tid, sidan ein namnedag ikkje er noko du nødvendigvis stemmer på kvart år.

Kontakt

Spørsmål om personvern, innsyn eller sletting går til adrian@borgund.dev.