Hopp til innhaldet
Namnedag

Om namnedagar

Namnedag.no har to lister over namnedagar. Den offisielle ligg fast. Den uoffisielle lagar vi som bruker sida, ved å stemme.

Dei to listene

Den offisielle lista kjem frå almanakken, og blir ikkje endra av stemmer her.

I den uoffisielle har kvart namn éin aktiv dato, og det er stemmene som avgjer kva dato det blir. Dei to listene påverkar ikkje kvarandre.

Kvar dato har ei jenteliste og ei guteliste. Eit namn høyrer til éi av dei, etter kva kjønn fleirtalet av berarane hos SSB har, og konkurrerer berre mot namn i si eiga liste.

Offisiell 14. mars
Uoffisiell 2. juni

Eit namn kan ligge to ulike stader. Ada, som er dømet nedanfor, har offisiell namnedag 14. mars og ligg på 2. juni i den uoffisielle lista.

Slik stemmer du

Du har éi stemme per namn, ikkje éi per dato. Den legg du på datoen du synest namnet høyrer heime på.

Ombestemmer du deg, kan du flytte henne. Det kostar ingenting, og du kan gjere det så mange gonger du vil. Knappen seier Stem dersom du ikkje har stemt på namnet før, og Flytt hit dersom stemma di ligg på ein annan dato. Står det Di stemme, ligg ho allereie her.

Du må vere innlogga for å stemme.

Kva «Aktiv» tyder

På ei namneside ser du alle datoane som er føreslått for namnet. Den som er merkt Aktiv, har flest stemmer, og er den uoffisielle namnedagen til namnet akkurat no.

Aktiv er ikkje det same som offisiell. Ada har offisiell namnedag 14. mars, men flest stemmer på 2. juni. Då står namnet oppført på 2. juni, og datosida i mars fortel kvar det har blitt av det.

Slik ser datoane til Ada ut på namnesida hennar:

  1. 2. juni Aktiv 5 stemmer
  2. 14. mars 3 stemmer
  3. 9. oktober 1 stemme

Ved likt stemmetal

Det finst to reglar for uavgjort, og dei gjeld kvar sin kamp.

Mellom datoar, for eitt namn

Datoen som ligg føre, held plassen sin. Ein utfordrar må ha fleire stemmer for å ta over, ikkje berre like mange.

Har Ada tre stemmer på 2. juni, og 14. mars kjem opp i tre, blir Ada verande på 2. juni.

Mellom namn, på same dato

Her avgjer alfabetet. To namn med like mange stemmer på same dato blir sorterte alfabetisk.

Eit namn rett under topp tre kan altså ha like mange stemmer som nr. 3, men ligge bak fordi det kjem seinare i alfabetet.

Dei tre øvste namna i kvar liste er framheva på datosidene. Under dei står utfordrarane, med kor mange stemmer dei manglar. Dina har like mange som Cato, og treng difor éi til:

  1. 1 Ada 5 stemmer
  2. 2 Bea 4 stemmer
  3. 3 Cato 3 stemmer
  4. 4 Dina like mange som nr. 3, men treng éi til 3 stemmer
  5. 5 Eva 2 stemmer bak nr. 3 1 stemme

Foreslå ein ny dato

Er ikkje datoen du vil ha der, kan du føreslå han frå namnesida eller frå datosida. Forslaget får stemma di med det same.

Namnet må finnast i SSB sitt namneregister med minst 200 berarar i Noreg. Det er grensa SSB publiserer over: har færre personar namnet, oppgir dei ikkje talet.

Ein dato kan berre føreslåast éin gong per namn. Er han der frå før, stemmer du på han i staden.

Kvifor liknar dei to listene så mykje?

Den uoffisielle lista starta som ein kopi av den offisielle. Alle namn med offisiell namnedag låg på sin eigen dato frå første dag, med null stemmer. Alt som skil listene i dag, har nokon stemt fram.

2. juni, dag éin

  1. 1 Ada 0 stemmer
  2. 2 Bea 0 stemmer

2. juni no

  1. 1 Ada 5 stemmer
  2. 2 Cato 3 stemmer
  3. 3 Bea 1 stemme

Cato er det einaste namnet nokon har flytta hit. Resten står slik almanakken sette dei.

Honnør

Første gongen du stemmer på eit namn, får du eitt honnørpoeng. Flyttar du ei stemme du alt har gitt, får du ikkje noko nytt.

Honnør har ingen funksjon enno. Poenga blir talde opp så dei kan brukast til noko seinare.

Stemmene er offentlege

Alle kan sjå kva du har stemt på, kva datoar du har føreslått og kva brukarnamn du har. E-postadressa di er ikkje synleg for andre. Ho blir berre brukt til innlogging.

Du treng ikkje setje brukarnamn, men vel eitt du er komfortabel med.